Laster Hendelser

Kalender

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Dato:
9. oktober 2019
Tid:
20:00
Pris:
150,- (100,- stud/barn)
Nettsted
Sted:
St. Edmunds Church
 
Møllergata 30, , 0179
+ Google Map
9. oktober 2019

Camilla Hole Trio startar konserthausten med sin første Oslo-konsert!

Camilla Hole Trio har det siste året turnert på vestlandet, representert Norge på Nordic Folk Alliance i Gøteborg og komt ut med debutalbumet «Halvemål» med tilbakemeldingar som «Trioen har fått inn en fulltreffer med debutplata, et kreativt sjangermøte mellom improvisasjonsjazz og folkemusikk» Magnus Andersson, magasinet Folkemusikk.

Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer til framtida – den skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tar med seg instrumenta og dei musikalske preferansar sine når dei gjer tolkingar av dei vakre, tradisjonsrike låtane, som har blitt vidareført gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar, og bandet si oppfatning av essensen i musikken, tilfører dei låtane noko ekstra.

Camilla Hole – Sopransax, Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass og Knut Kvifte Nesheim – trommer/vibrafon.